30.Mars var jeg truleder for Voss Utferdslag på en tur til Oksen.

Vi var veldig heldig med vær og føre. En super tur.

Trykk på bildet for å se alle bildene:

dsc00475

Trykk på les mer for å lese en oppsummering av turen:

 

Me var heldige og fikk køyrd buss heilt opp til ferista på Stokkselvegen. Der kunne me ta på oss skiene og gå vidare.
Me var 15 personar med turleiar.

Det hadde vert frost om natta, så det var hardt og fint føre. Nokon sleit litt nedst i skogen p.g.a. dårlig tak med kortfell. Men når me kom over skoggrensa gikk det greitt for alle.

Me hadde ein rast på Nonfjell med utsikt ned mot Granvinsvatnet, og eit par monstermaster. Me gjekk vidare langs vardene til Redfjell, og sklei ned til Oksetjønn. Der tok me ein ny rast. Det var lunt og fint, og me sat og sola oss i varmen. Derifrå gjekk me opp siste bakken mot Oksen. Alle virka som dei var i god form og kom seg opp. Det var nesten vindstille, så me tok ein lang pause og nytte utsikten. Det var litt disig, men me kunne likevel sjå alle fjelltoppane rundt i Hardanger og Voss. Ned att frå Oksen var det litt hardt og ujamt øvst. Men me fann nokon flotte parti med god styresnø ned att mot Oksetjønn. Frå Oksetjønn var det på igjen med feller før me gjekk opp mot Ingebjørgnuten. Me måtte ha ein liten rast på Småskorenuten og fylle på med energi før siste kneika opp mot Ingebjørgnuten. Men alle var einige om att turen om Ingebjørgnuten var verdt det, då me fekk sjå utsikten over fjorden.

Det hadde begynt å frysa litt på før me sklei ned att mot Stokksel, så det var litt vekslande føre. Men den største utfordringen var kanskje labyrinten ned att gjennom skogen nedst mot Stokksel. Det var nok fleire som var litt mjuke i beina etter nedskliinga. Alle var nøgde med turen og det fine veret. Nokon syntes nok turen var litt lenger enn dei hadde trudd, men var likevel glade for å ha vore med på turen.

 

Erfaringar:

Putt fellane i sekken så dei ikkje vert mista på vegen ned. (Fellen kom heldigvis til rette att då ein som kom etter plukka han med seg).

Ta med nok vann på lange turar der veret er varmt.

Hugs solkrem på soldagar.

 

Her er GPS log av hele turen:

 

 


Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv