Vel heime att,er det på tide med ei oppsummering av turen, og det vart ein oppevelse med store kontrastar.

 

DSCF0053

 

Les meir her:

 

 

Hovedstaden Katmandu med eit folkeliv og trafikk eg aldri har opplevd. .Bilar,motorsyklar,folk og dyr fyllte opp gatene,og over det heile eksos og støv som eit teppe.Og opp i det heile 3-4 relegionar blanda saman med tempel,heilage kyr og likbål på elvekanten.

 

DSCF0233

 

Etter ein hasardiøs dagstur med minibuss og jeep,tok vi beina fatt oppover mot fjellet.Me hadde med oss 9 infødde som guidar og berarar.

Me kom tett inn på folkelivet, for det låg småe landsbyar langs med ruta heile vegen.

Det var venlege folk som dreiv med sine daglege gjeremål på åkerlappane og med husdyra.Ein del inntekter fekk dei av turismen.Vi fekk kjøpt mat og overnatting på små enkle turisthytter (lodges)

DSCF1277

Maten var enkel,men solid og grei.

Folket levde veldig enkelt i hytter og hus som var ganske glisne,kalde og enkelt innreidd.Det var kaldt om natta,så dei fyrde opp tidleg om morgonen med ved ,

så røyken låg som eit teppe over husa.

DSCF1303Vel

Me hadde flott ver på heile turen,varmt i sola, kaldt om natta.Me gjekk ca 130 km og på det høgaste over Thorung Pass var me oppe i 5500 m.Alle 9 i reisefølget klarde det veldig fint,men me kjende det godt i kroppen dei siste 2000 høgdemeterane, då måtte me verkeleg gå seint å spara på kreftene.

DSCF0144

Me flaug ut frå Jomsom med småfly til Pokhara,der stoppa me ein dag.Ein fin småby ved ein innsjø med snøfjella i bakgrunnen. Dreifrå ein halvtime med same flyet til Katmandu.

DSCF0075

 

 

I det heile ein eventyrleg tur med masse sterke inntrykk.


 

 

 

Stjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktivStjerne inaktiv